Breaking Dad på KLUBBEN Billetter CC: Fra 265,- Facebook event
Info

Endeleg er det Oslo-premiere på Breaking Dad – showet for deg som kjenner ein pappa!

BilletterBilletterBilletterBilletterBilletterBilletterBilletterBilletterBilletterBilletterBilletterBilletterBilletterBilletterBilletterBilletterBilletterBilletterBilletterBilletterBilletterBilletter

Fredrik Steen er ein av veteranane i det norske standup-miljøet som slo rot i Oslo på 1990-talet, og denne vittige og skarpe sunnmøringen har meir enn 2000 show bak seg. Komikaren frå Ulsteinvik er òg kjent som mannen som ga oss Hildegunn Moltubakk - Norges mest eksentriske og gardinglade husmor. Showa med Hildegunn & Leif-Per vart sett av over 150.000 menneske over heile landet, i tillegg til hundrevis av opptredenar i radio og fjernsyn.

Siste året har Fredrik gjort seg bemerka som kommentator i TV-serien "Match" på NRK, ein serie som hausta svært gode kritikkar. VG ga serien terningkast 6, og anmeldaren var svært begeistra for Steen sine prestasjonar:

"Steen snakker kommentatorspråket flytende og utviser fantastisk og voldsomt engasjerende faktekunst. (...) Sunnmøringen kunne skapt flammende entusiasme rundt både bussventing, potetskrelling og panteautomater. Send ham gjerne til OL."

I "Breaking Dad" handlar det mykje om å vere pappa. Fredrik Steen har fire barn med tre ulike kvinner, og han har såleis gjort akkurat det naturen vil at han skal gjere: Han har smurt genmaterialet sitt godt utover! Men når er det eigentleg ein føler at ein kan kalle seg pappa? Oslo-premiere på Røverstaden 18. oktober kl. 20.00! Dørene opnar kl. 19.00.

«Innertiar om farsrolla!»

«...ei velsigna velregissert forestilling med snert og originalitet frå ein frykteleg morosom mann.»

"...med snert og originalitet frå ein svært morosam mann."

"Og med Tom Sterri som regissør glimtar Steen til med originalitet så det susar."

Møre-Nytt, 9. mars, 2019


Billetter
Nyhetsbrev på vei! :D